Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 14:14-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. og dei har fortalt det til dei som bur i landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt imellom dette folket, ja, at du har synt deg for dei, Herre, åsyn til åsyn, at skya di held seg over dei, og at du går føre dei i ei skystøtte om dagen og i ei eldstøtte om natta.

15. Men lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt gjetordet om deg, til å seia:

16. «Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, og så drap han dei i øydemarka.»

17. Herre, vis no di store makt, du som har sagt:

18. «Herren er langmodig og rik på miskunn; han tilgjev synd og skuld. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for misgjerningane åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden.»

19. Tilgjev no i di store miskunn den synda dette folket har gjort, liksom du har tilgjeve dei heile vegen frå Egypt og hit.

20. Då sa Herren: Eg tilgjev dei på ditt ord.

21. Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda:

22. Ingen av dei mennene som har sett herlegdomen min, sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i øydemarka, og som likevel har sett meg på prøve mange gonger og vore ulydige mot meg,

23. ingen av dei skal få sjå det landet eg har lova fedrane deira. Ingen som vanvørder meg, skal få sjå det!

24. Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har fylgt meg trufast. Difor lèt eg han koma inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få det til eige.

25. Men i dalane der bur amalekittane og kanaanearane. Difor skal de, når de i morgon fer i veg og dreg ut i øydemarka, ta den vegen som fører til Sevsjøen.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 14