Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 14:1-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då tok heile Israels-lyden til å ropa høgt, og folket gret heile natta.

2. Alle israelittane, heile lyden, murra mot Moses og Aron og sa: «Gjev vi hadde fått døy i Egypt eller her i øydemarka! Ja, gjev vi hadde fått døy!

3. Kvifor fører Herren oss til dette landet når vi må falla for sverd, og kvinnene og borna våre vert tekne av fiendar? Var det ikkje betre for oss å fara attende til Egypt?»

4. Og dei sa seg imellom: «Lat oss velja ein førar og fara attende til Egypt!»

5. Då kasta Moses og Aron seg ned med andletet mot jorda framfor heile Israels-lyden.

6. Og Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som hadde vore med og speida ut landet, reiv sund kleda sine

7. og sa til alle israelittane som var samla: «Det landet vi drog igjennom og speida ut, er eit svært godt land.

8. Har Herren godvilje for oss, fører han oss inn i dette landet og gjev oss det, eit land som fløymer med mjølk og honning.

9. Set dykk berre ikkje opp mot Herren! Og ver ikkje redde folket i landet; dei er ikkje meir enn ein brødbit for oss. Deira vern har svikta dei; men Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!»

10. Heile folket truga med å steina dei. Men då synte Herrens herlegdom seg i møteteltet for alle israelittane.

11. Og Herren sa til Moses: Kor lenge skal dette folket vanvørda meg? Kor lenge skal dei la vera å tru på meg, endå eg har gjort så mange teikn mellom dei?

12. No vil eg slå dei med pest og driva dei ut. Og så vil eg gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.

13. Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du i ditt velde førte dette folket ut or landet deira,

14. og dei har fortalt det til dei som bur i landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt imellom dette folket, ja, at du har synt deg for dei, Herre, åsyn til åsyn, at skya di held seg over dei, og at du går føre dei i ei skystøtte om dagen og i ei eldstøtte om natta.

15. Men lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt gjetordet om deg, til å seia:

16. «Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, og så drap han dei i øydemarka.»

17. Herre, vis no di store makt, du som har sagt:

18. «Herren er langmodig og rik på miskunn; han tilgjev synd og skuld. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for misgjerningane åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden.»

19. Tilgjev no i di store miskunn den synda dette folket har gjort, liksom du har tilgjeve dei heile vegen frå Egypt og hit.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 14