Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 11:9-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Når dogga fall over leiren om natta, fylgde mannaen med.

10. Moses høyrde at folket jamra seg attmed teltdørene, i den eine huslyden etter den andre. Då loga Herrens vreide opp, og Moses tykte det var ille.

11. Han sa til Herren: Kvifor er du så hard med tenaren din? Kvifor har du ingen godvilje for meg, sidan du legg på meg den børa å syta for heile dette folket?

12. Er det eg som har født dette folket, sidan du seier at eg skal ta det ved barmen, liksom ei fostermor tek eit spedbarn, og bera det til det landet du har lova fedrane deira?

13. Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket, når dei jamrar seg og seier til meg: «Lat oss få kjøt å eta!»

14. Åleine kan eg ikkje bera heile dette folket. Det er meir enn eg maktar.

15. Vil du laga det så for meg, så lat meg heller døy med ein gong! Har du godvilje for meg, så lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke!

16. Då sa Herren til Moses: Kall saman sytti av dei eldste i Israel, dei som du veit er styresmenn og tilsynsmenn i folket. Ta dei med deg til møteteltet og lat dei stiga fram saman med deg!

Les hele kapitlet 4. Mosebok 11