Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 11:24-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti av dei eldste i folket og bad dei stå rundt ikring teltet.

25. Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den Anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Då Anden var komen over dei, tala dei profetord. Men det gjorde dei ikkje sidan.

26. To av mennene hadde vorte att i leiren. Den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kom Anden, for dei høyrde til dei som var oppskrivne, jamvel om dei ikkje hadde gått ut til teltet. Og dei tala profetord i leiren.

27. Då sprang ein gut av stad og sa frå til Moses: «Eldad og Medad talar profetord i leiren!»

28. Josva Nunsson, som hadde vore tenar hjå Moses sidan han var ung, tok til ords og sa: «Moses, min herre, hindra dei i dette!»

29. Men Moses svara: «Er du harm for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!»

30. Så gjekk Moses attende til leiren saman med Israels eldste.

31. Då braut det laus ein storm frå Herren. Han førte vaktlar inn frå havet og strøydde dei ut over leiren, eit lag på to alner, så langt som ei dagslei på begge sider, rundt ikring heile leiren.

32. Folket gjekk ut og samla vaktlar heile dagen og natta og heile den andre dagen med. Ingen sanka mindre enn ti homer. Og dei la dei i haugar kring heile leiren.

33. Men medan dei endå hadde kjøtet mellom tennene, før dei hadde togge det sund, loga Herrens vreide opp mot folket. Han slo dei ned, og det vart eit veldig mannefall.

34. Denne staden kalla dei Kibrot-Hatta’ava; for der fekk dei si grav, dei som hadde vore så grådige.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 11