Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 11:16-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Då sa Herren til Moses: Kall saman sytti av dei eldste i Israel, dei som du veit er styresmenn og tilsynsmenn i folket. Ta dei med deg til møteteltet og lat dei stiga fram saman med deg!

17. Så vil eg koma ned og tala med deg der. Eg vil ta av den Anden som er over deg, og gje til dei. Dei skal hjelpa deg å bera den børa som dette folket er, så du ikkje treng bera henne åleine.

18. Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. De har då jamra dykk for Herren og sagt: «Å, gjev vi hadde kjøt å eta! Vi hadde det så godt i Egypt.» No vil Herren gje dykk kjøt.

19. Og de skal ikkje få det ein dag eller to, ikkje fem eller ti eller tjue dagar.

20. Nei, ein heil månad skal de eta kjøt, til det byd dykk så imot at det kjem ut or nasen på dykk. Såleis skal det gå fordi de vanvørde Herren som er midt imellom dykk, då de jamra dykk for han og sa: «Å, kvifor drog vi ut or Egypt?»

21. Då sa Moses: «Seks hundre tusen mann til fots er det folket eg har med meg. Og så seier du: Eg vil gje dei kjøt, så dei kan eta ein heil månad.

22. Skal vi då slakta så mykje småfe og storfe at det rekk til for dei? Eller skal vi samla all fisken i havet, så dei får nok?»

23. Herren sa til Moses: «Er Herrens arm for kort? No skal du få sjå om det går som eg har sagt, eller ikkje.»

Les hele kapitlet 4. Mosebok 11