Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 6:12-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Herren tala til Moses og sa:

13. Dette er det offeret som Aron og sønene hans skal bera fram for Herren den dagen ein av dei vert salva: ein tiandedels efa kveitemjøl. Det er det daglege grødeofferet som dei ber fram, halvparten om morgonen og halvparten om kvelden.

14. Med olje skal det lagast til på ei helle, og godt knatt skal det vera når dei kjem med det. Du skal dela det opp i småstykke og ofra det som grødeoffer, til godange for Herren.

15. Den av Arons-sønene som vert salva til prest i staden hans, skal laga det til. Det er ei føresegn som Herren har gjeve for alle tider. Heile offeret skal brennast.

16. Kvart grødeoffer som presten ber fram for seg sjølv, skal vera heiloffer, det må ikkje etast.

17. Herren tala til Moses og sa:

18. Sei til Aron og sønene hans: Dette er lova om syndofferet: På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal syndofferdyret òg slaktast for Herrens åsyn. Høgheilagt er det.

19. Presten som ber fram syndofferet, skal eta det. På ein heilag stad skal det etast, i føregarden til møteteltet.

20. Kvar den som rører offerkjøtet, vert heilag. Kjem det noko av blodet på eit klesplagg, skal du vaska det på ein heilag stad.

21. Vert kjøtet kokt i ei leirgryte, skal gryta knusast. Er det kokt i ein koparkjel, skal han skurast og skyljast med vatn.

22. Alle menn som er prestar, kan eta av dette offeret. Høgheilagt er det.

23. Men dei syndoffer som det vert bore blod av inn i møteteltet, så det vert gjort soning i heilagdomen, må ikkje etast. Dei skal brennast.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 6