Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 6:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til Aron og sønene hans: Dette er lova om brennofferet: Brennofferet skal liggja på eldstaden på altaret heile natta, til morgons, og altarelden skal brenna.

3. Presten skal kle seg i linkjortelen sin og bera ei bukse av lin nærast kroppen. Han skal ta bort oska etter brennofferet som elden har tært opp på altaret, og leggja henne attmed altaret.

4. Så skal han ta av seg kledebunaden sin, ha på seg andre klede og bera oska ut or leiren til ein rein stad.

5. Elden skal haldast brennande på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, leggja brennofferet til rettes på veden og brenna feittet av måltidsofferet.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 6