Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 23:27-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Den tiande dagen i same månaden skal vera soningsdag. Då skal de halda ei heilag samling, fasta og bera fram eldoffer for Herren.

28. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk framfor Herren dykkar Guds åsyn.

29. Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or folket sitt.

30. Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg tyna midt imellom folket hans.

31. De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur.

32. De skal ha full kviledag, og de skal fasta. Frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda sabbatskvild.

33. Herren tala til Moses og sa:

34. Sei til israelittane: Frå den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar.

35. Den fyrste dagen skal det vera ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

36. Sju dagar skal de bera fram eldoffer for Herren. Den åttande dagen skal de halda ei heilag samling og bera fram eldoffer for Herren. Då er det høgtidssamling, og de må ikkje gjera noko arbeid.

37. Dette er Herrens høgtider, då de skal ropa ut heilage samlingar og bera fram eldoffer for Herren, brennoffer og grødeoffer, slaktoffer og drikkoffer, kvar dag det som høyrer den dagen til.

38. Til dette kjem Herrens sabbatar og dei gåvene, lovnadsoffera og friviljuge offera som de gjev Herren.

39. Frå den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar inn grøda i landet, skal de halda Herrens helg i sju dagar. Den fyrste dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag.

40. Den fyrste dagen skal de ta frukter av edle tre, palmeblad, greiner av lauvtre og poplar som veks attmed bekkene, og gleda dykk i sju dagar framfor Herren dykkar Guds åsyn.

41. Såleis skal de kvart år halda høgtid for Herren i sju dagar. Det skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar. I den sjuande månaden skal de halda denne høgtida.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 23