Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 23:18-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle, lytelause lam, ein ung okse og to verar – dei skal vera brennoffer for Herren – og grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. Det er eit eldoffer til godange for Herren.

19. Så skal de ofra ein bukk som syndoffer og to årsgamle verlam som måltidsoffer.

20. Presten skal svinga dei for Herrens åsyn saman med brøda av fyrstegrøda og to lam. Dei skal vera vigde til Herren og høyra presten til.

21. Same dagen skal de ropa ut ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Dette skal vera ei evig lov for dykk og etterkomarane dykkar, kvar de så bur.

22. Når de haustar inn grøda i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka opp. Du skal la dei liggja til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.

23. Herren tala til Moses og sa:

24. Sei til israelittane: Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag. Då skal de blåsa i horn og minna om den heilage samlinga.

25. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, og de skal bera fram eldoffer for Herren.

26. Herren tala til Moses og sa:

27. Den tiande dagen i same månaden skal vera soningsdag. Då skal de halda ei heilag samling, fasta og bera fram eldoffer for Herren.

28. Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk framfor Herren dykkar Guds åsyn.

29. Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or folket sitt.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 23