Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 18:22-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er ein styggedom.

23. Du skal aldri ha omgang med dyr; for då vert du urein. Heller ikkje skal ei kvinne by seg fram til eit dyr og para seg med det. Det er stygg åtferd.

24. Gjer dykk ikkje ureine med noko slikt! For med alt dette har dei gjort seg ureine, dei folkeslaga som eg vil driva ut for dykk.

25. Landet har vorte ureint, og eg vil straffa det for synda, så det spyr ut dei som bur der.

26. Men de, anten de er fødde i landet eller er innflyttarar der, skal halda føresegnene og lovene mine og ikkje gjera noka av desse avskyelege gjerningane –

27. for alle desse stygge gjerningane gjorde dei som budde i landet før dykk, og landet vart ureint.

28. Elles kjem landet til å spy dykk ut, fordi de gjer det ureint, liksom det har spytt ut det folket som var der før dykk.

29. For alle som gjer slike stygge gjerningar, alle som finn på slikt, skal rydjast ut or folket sitt.

30. Så hald dykk då etter det som eg har fastsett, og fylg ikkje nokon av dei skamlause skikkane som dei har fylgt før dykk! Gjer dykk ikkje ureine med dei! Eg er Herren dykkar Gud.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 18