Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Mosebok 12:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til israelittane: Når ei kvinne skal ha barn og får ein son, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som når ho har månadstida si.

3. Den åttande dagen skal førehuda åt guten skjerast av.

4. Sidan skal ho halda seg heime i trettitre dagar, medan blodet går og ho vert reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane hennar er ute.

5. Får ho ei jente, er ho urein i to veker, som når ho har månadstida si. Sidan skal ho halda seg heime i sekstiseks dagar, medan blodet går og ho vert reinsa.

Les hele kapitlet 3. Mosebok 12