Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 24:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Så kom dei til Gilead og til låglandet, som nyss var teke. Sidan kom dei til Dan, og frå Dan bøygde dei av mot Sidon.

7. Så kom dei til festningsbyen Tyrus og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Be’er-Sjeba.

8. Dei fór ikring i heile landet, og etter ni månader og tjue dagar kom dei heim att til Jerusalem.

9. Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen sterke, våpenføre menn og i Juda fem hundre tusen.

10. Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjarta, og han sa til Herren: «Eg har gjort ei stor synd. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.»

11. Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren åt David, og det lydde så:

12. «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.»

13. Så gjekk Gad til David, la dette fram for han og sa: «Vil du at det skal vera hungersnaud i landet ditt i sju år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader medan dei forfylgjer deg, eller vil du at det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 24