Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 24:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Så sende Herren ein pest over Israel, frå morgonen til den tida han hadde fastsett. Det døydde sytti tusen mann av folket, frå Dan til Be’er-Sjeba.

16. Men då engelen rette ut handa si mot Jerusalem og ville øydeleggja byen, angra Herren på ulukka han hadde sendt, og han sa til engelen som herja mellom folket: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Aravna.

17. Då David fekk auga på engelen som slo ned folket, sa han til Herren: «Det er eg som har synda; det er eg som har bore meg ille åt. Men desse, som eg er hyrding for, kva vondt har dei gjort? Lat heller handa di råka meg og ætta mi!»

18. Same dagen kom Gad til David og sa: «Gå opp til treskjevollen åt jebusitten Aravna og reis eit altar for Herren der!»

19. Så gjekk David dit, som Gad hadde sagt, og Herren hadde bode.

20. Som no Aravna såg nedover, fekk han auga på kongen og mennene hans, som kom mot han. Då gjekk Aravna ut, kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda

21. og sa: «Kvifor kjem du hit til tenaren din, herre konge?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjevollen av deg og byggja eit altar for Herren der, så folket kan friast for pesten.»

22. Då sa Aravna til David: «Ta du vollen, herre konge, og ofra så kva du vil! Sjå, her er oksane til brennoffer og treskjesledane og åket åt oksane til ved.

23. Alt dette vil Aravna gje deg, konge.» Og han la til: «Gjev Herren din Gud må vera nådig mot deg!»

24. Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det av deg til full pris. Eg vil ikkje bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg har fått for inkje.» Så kjøpte David treskjevollen og oksane for femti sekel sølv.

25. Og han bygde eit altar for Herren der og bar fram brennoffer og måltidsoffer. Då høyrde Herren bønene som steig opp frå landet, og pesten heldt opp å herja i Israel.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 24