Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 24:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han eggja David opp mot dei og sa: «Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!»

2. Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hjå han: «Far ikring til alle Israels-ættene, frå Dan til Be’er-Sjeba, og mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.»

3. Joab svara kongen: «Gjev Herren din Gud må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er, og gjev du, herre konge, sjølv må få sjå det! Men kvifor vil du gjera dette, herre konge?»

4. Kongen stod likevel fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og hærførarane.Så drog Joab og hærførarane bort frå kongen og skulle mønstra Israels-folket.

5. Dei sette over Jordan og slo leir ved Aroer, sør for den byen som ligg midt i Gads-dalen, og dei heldt fram til Jaser.

6. Så kom dei til Gilead og til låglandet, som nyss var teke. Sidan kom dei til Dan, og frå Dan bøygde dei av mot Sidon.

7. Så kom dei til festningsbyen Tyrus og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Be’er-Sjeba.

8. Dei fór ikring i heile landet, og etter ni månader og tjue dagar kom dei heim att til Jerusalem.

9. Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen sterke, våpenføre menn og i Juda fem hundre tusen.

10. Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjarta, og han sa til Herren: «Eg har gjort ei stor synd. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 24