Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 23:7-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Den som kjem nær dei,væpnar seg ¬med jern og spydskaft.Så vert dei brende i elden.

8. Dette er namna på krigarane åt David:Fyrst var det Josjeb-Basjebet av Hakmon-ætta, hovding over dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over åtte hundre falne på ein gong.

9. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Akoak. Han var ein av dei tre krigarane som var med David ved Pas-Dammim då filistarane hadde samla seg til strid der. Israelittane drog seg attende,

10. men han heldt ut og hogg ned filistarar til handa hans vart så stiv at ho hang fast i sverdet. Den dagen lét Herren israelittane vinna ein stor siger, og då stridsmennene vende om og fylgde Elasar, kunne dei berre plyndra dei falne.

11. Etter han kom Sjamma, son til Age frå Harar. Ein gong hadde filistarane samla seg ved Leki. Det var ein tett linseåker der, og då israelittane rømde for filistarane,

12. gjekk Sjamma midt ut i åkeren og verna han. Han hogg ned filistarar, og Herren lét han vinna ein stor siger.

13. Ein gong då det leid mot skurdonna, fór tre av dei tretti hovdingane ned til David, som var i hola ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa’im-dalen.

14. David heldt då til i fjellborga, og forposten åt filistarane låg ved Betlehem.

15. Då fekk David hug på vatn og sa: «Gjev einkvan ville henta vatn til meg frå brunnen ved byporten i Betlehem!»

16. Dei tre kjempene braut seg gjennom filistarleiren, auste opp vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han rende det ut for Herrens åsyn

17. og sa: «Herren fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet åt dei mennene som våga livet då dei gjekk?» Og han ville ikkje drikka. – Dette gjorde dei tre kjempene.

18. Så var det Abisjai, bror til Joab og son til Seruja; han var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet sitt over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.

19. Han var høgt vørd mellom dei tretti og vart hovdingen deira. Men han kom ikkje opp mot dei tre.

20. Benaja Jojadason frå Kabse’el var ein mektig mann og gjorde mange storverk. Han slo i hel dei to kjempene frå Moab. Ein gong det hadde snøa, steig han ned i ein brunn og drap ei løve.

21. Like eins felte han ein kjempestor egyptar. Egyptaren hadde eit spyd i handa. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut or handa hans og drap han med hans eige spyd.

22. Dette gjorde Benaja Jojadason, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane.

23. Han var høgt vørd mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.

24. Til dei tretti høyrde Asael, bror til Joab; Elkanan, son til Dodo, frå Betlehem;

25. Sjamma frå Harod; Elika frå Harod;

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 23