Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 22:25-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Herren lønte meg for mi rettferd,då han såg at eg var rein.

26. Du er trufast ¬mot den som er trufast,heilhjarta ¬mot kvar heilhjarta krigar.

27. Du viser deg rein mot ¬den reine,men vrang mot den svikefulle.

28. Du frelser dei hjelpelause,men vender deg mot dei stolte ¬og audmykjer dei.

29. Ja, du er mitt ljos, Herre,Herren lyser opp i mitt mørker.

30. Med deg kan eg storma ¬mot ein krigarflokk,med Guds hjelp ¬kan eg springa over murar.

31. Guds veg er fullkomen,Herrens ord er reint.Han er eit skjold for allesom flyr til han.

32. For kven er Gud ¬forutan Herren,og kven er eit berg ¬om ikkje vår Gud?

33. Gud er mitt sterke vern;han gjer mi ferd ulastande.

34. Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.

35. Han lærer opp mine hender ¬til strid,mine armar til å spenna ¬bronsebogen.

36. Du gjev meg di frelse til skjold,bøyer deg ned og gjer meg stor.

37. Du jamnar veg for mine steg,og mine okle er støe.

38. Eg jagar mine fiendar ¬og slettar dei ut,eg snur ikkje ¬før eg har gjort ende på dei.

39. Eg gjer ende på dei ¬og rydjar dei ut,så dei ikkje kan reisa seg,men ligg under føtene mine.

40. Du rustar meg ¬med styrke til stridenog tvingar mine motstandarar ¬i kne.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 22