Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 19:7-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Stå no opp og gå ut og tal venleg til mennene dine! For eg sver ved Herren at går du ikkje ut, kjem ikkje ein mann til å verta verande hjå deg natta over. Og det ville vera ei større ulukke for deg enn alle dei andre ulukkene som har kome over deg frå du var ung og til no.»

8. Då reiste kongen seg og sette seg i porten. Alt folket fekk vita at kongen sat i porten, og dei kom og gjekk fram for han.Israelittane hadde rømt heim, kvar til seg.

9. Då tok folket i alle Israels-ættene til å tretta med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarveldet. No har han rømt landet for Absalom.

10. Men Absalom, som vi salva til konge over oss, er fallen i striden. Kvifor gjer de då ingen ting for å henta kongen heim att?»

11. Kong David fekk vita kva alle israelittane tala om. Då sende han bod til prestane Sadok og Abjatar med desse orda: «Tal til dei eldste i Juda og sei: Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?

12. De er då brørne mine, av same kjøt og blod som eg. Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att?

13. Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same kjøt og blod som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera hærførar i staden for Joab.»

14. Såleis vann han judearane for seg, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!»

15. Så gav kongen seg på heimveg. Då han kom til Jordan, var judearane alt komne til Gilgal; dei ville ta imot han og føra han over Jordan.

16. Sjimi Gerason, som høyrde Benjamins-ætta til og var frå Bakurim, skunda seg nedover saman med judearane og ville møta kong David.

17. Han hadde med seg tusen mann frå Benjamin. Og Siba, som var tenestmann i Sauls-ætta, kom med dei femten sønene og tjue tenarane sine. Dei hadde skunda seg til Jordan før kongen kom dit.

18. No sette dei over vadet, for dei ville hjelpa kongsfolket over og stå til teneste for dei. Med det same kongen skulle fara over Jordan, fall Sjimi Gerason ned for han

19. og sa: «Herre, tilgjev meg brotet mitt! Lat det vera gløymt, herre konge, kor stygt tenaren din bar seg åt den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge!

20. For eg veit at eg har synda. Men i dag er eg den fyrste av Josefs ætt som kjem ned og møter deg, herre konge.»

21. Då tok Abisjai Serujason til ords og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salvevigde?»

22. Men David svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner, sidan de står meg imot i dag? I dag skal ingen mann i Israel missa livet. For no veit eg at eg er konge over Israel.»

23. Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 19