Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 19:36-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

36. Eg ville berre fylgja kongen eit stykke på vegen. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge?

37. Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest!»

38. Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Og alt du ynskjer, skal eg gjera for deg.»

39. Så sette heile hæren over Jordan, men kongen vart ståande. Han kyste Barsillai og velsigna han, og Barsillai fór heim att.

40. Kongen drog over til Gilgal, og Kimham var med han. Heile Juda-folket fylgde kongen, og like eins halve Israels-folket.

41. Men best det var, kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har frendane våre, judearane, teke kongen og ført han og huslyden hans og alle Davids menn over Jordan?»

42. Då tok alle judearane til ords og svara israelittane så: «Fordi kongen står oss nærast. Kvifor er de harme for dette? Har vi levt på kongen eller hatt nokon føremon av han?»

43. Israelittane svara: «Vi eig ti gonger så mykje i kongen som de, i David òg. Kvifor har de sett bort frå oss? Var det ikkje vi som fyrst tala om å henta kongen vår heim att?» Men judearane gav eit endå hardare svar enn israelittane hadde gjeve.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 19