Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 19:21-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Då tok Abisjai Serujason til ords og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salvevigde?»

22. Men David svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner, sidan de står meg imot i dag? I dag skal ingen mann i Israel missa livet. For no veit eg at eg er konge over Israel.»

23. Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.

24. Mefibosjet, soneson til Saul, var òg komen ned og ville møta kongen. Han hadde ikkje stelt føtene og ikkje greitt skjegget og ikkje vaska kleda frå den dagen kongen fór bort, og til han kom trygt attende.

25. Då han kom frå Jerusalem og møtte kongen, sa kongen til han: «Kvifor vart du ikkje med meg, Mefibosjet?»

26. Han svara: «Tenaren min narra meg, herre konge. Eg bad han sala eselet mitt, så eg kunne ri på det og fylgja kongen; du veit eg er lam.

27. I staden laug han på meg for deg, herre konge. Men du er som Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best.

28. For heile mi ætt hadde ikkje anna å venta av deg enn døden, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?»

29. Kongen svara: «Du treng ikkje tala meir om dette. Eg har sagt at du og Siba skal dela jordeigedomen.»

30. Då sa Mefibosjet til kongen: «Han kan gjerne få alt saman, sidan du er komen vel heim att, herre konge.»

31. Barsillai frå Gilead var komen ned frå Rogelim og hadde fylgt kongen til Jordan. Der ville han skiljast frå han.

32. Barsillai var ein gamal mann, åtti år. Han hadde sytt for mat og drikke til kongen medan han heldt til i Mahanajim, for han var svært rik.

33. Kongen sa til Barsillai: «Ver med meg, så skal eg syta for deg hjå meg i Jerusalem.»

34. Men Barsillai svara: «Eg har vel ikkje så mange dagar og år att å leva at eg skulle fara med kongen opp til Jerusalem?

35. Eg er no åtti år gamal. Eg merkar ikkje lenger skilnaden på godt og ringt og kjenner ikkje smaken av det eg et og drikk. Eg høyrer ikkje lenger røysta av songarar og songarinner. Kvifor skulle eg så vera til bry for deg, herre konge?

36. Eg ville berre fylgja kongen eit stykke på vegen. Kvifor skulle du løna meg så godt for det, konge?

37. Lat heller tenaren din fara heim att, så eg kan døy i min eigen by, der far min og mor mi har si grav. Men her er Kimham, tenaren din. Lat han få vera med deg, herre konge, og gjer med han som du synest!»

38. Då sa kongen: «Kimham kan vera med meg, og eg skal gjera med han som du synest. Og alt du ynskjer, skal eg gjera for deg.»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 19