Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 19:13-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same kjøt og blod som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera hærførar i staden for Joab.»

14. Såleis vann han judearane for seg, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!»

15. Så gav kongen seg på heimveg. Då han kom til Jordan, var judearane alt komne til Gilgal; dei ville ta imot han og føra han over Jordan.

16. Sjimi Gerason, som høyrde Benjamins-ætta til og var frå Bakurim, skunda seg nedover saman med judearane og ville møta kong David.

17. Han hadde med seg tusen mann frå Benjamin. Og Siba, som var tenestmann i Sauls-ætta, kom med dei femten sønene og tjue tenarane sine. Dei hadde skunda seg til Jordan før kongen kom dit.

18. No sette dei over vadet, for dei ville hjelpa kongsfolket over og stå til teneste for dei. Med det same kongen skulle fara over Jordan, fall Sjimi Gerason ned for han

19. og sa: «Herre, tilgjev meg brotet mitt! Lat det vera gløymt, herre konge, kor stygt tenaren din bar seg åt den dagen du drog bort frå Jerusalem. Tenk ikkje meir på det, konge!

20. For eg veit at eg har synda. Men i dag er eg den fyrste av Josefs ætt som kjem ned og møter deg, herre konge.»

21. Då tok Abisjai Serujason til ords og sa: «Må ikkje Sjimi lata livet, han som har forbanna Herrens salvevigde?»

22. Men David svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner, sidan de står meg imot i dag? I dag skal ingen mann i Israel missa livet. For no veit eg at eg er konge over Israel.»

23. Så sa kongen til Sjimi: «Du skal ikkje døy.» Og det svor han på.

24. Mefibosjet, soneson til Saul, var òg komen ned og ville møta kongen. Han hadde ikkje stelt føtene og ikkje greitt skjegget og ikkje vaska kleda frå den dagen kongen fór bort, og til han kom trygt attende.

25. Då han kom frå Jerusalem og møtte kongen, sa kongen til han: «Kvifor vart du ikkje med meg, Mefibosjet?»

26. Han svara: «Tenaren min narra meg, herre konge. Eg bad han sala eselet mitt, så eg kunne ri på det og fylgja kongen; du veit eg er lam.

27. I staden laug han på meg for deg, herre konge. Men du er som Guds engel, herre konge. Gjer som du tykkjer best.

28. For heile mi ætt hadde ikkje anna å venta av deg enn døden, herre konge. Likevel har du sett tenaren din mellom dei som et ved ditt bord. Kva meir har eg då å krevja eller å klaga til kongen for?»

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 19