Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 14:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Og no har heile ætta reist seg mot tenestkvinna di og seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo bror sin i hel; så får vi med det same rudt arvingen or vegen. – Såleis kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att; dei unner mannen min korkje namn eller etterkomarar på jorda.»

8. Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av dette.»

9. Men kona frå Tekoa svara: «Eg og mi ætt skal bera skulda, herre konge. Kongen og kongsstolen skal vera skuldfrie.»

10. Kongen sa: «Er det nokon som trugar deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.»

11. Då sa ho: «Gjev kongen måtte kalla på Herren sin Gud, så ikkje blodhemnaren får valda endå meir ulukke, og dei rydjar son min or vegen.» Kongen svara: «Så sant Herren lever: Ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet åt son din.»

12. Då sa kona: «Kan eg få seia deg endå eit ord, herre konge?» «Tal du!» svara han.

13. Ho sa: «Korleis kunne du då tenkja ut ei slik ulukke mot Guds folk? For med det du no sa, konge, har du dømt deg sjølv, sidan du ikkje lèt han som er bortstøytt, koma heim att.

14. For alle må vi døy og verta liksom vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv; han tenkjer på korleis ein som er bortstøytt frå han, ikkje lenger skal vera bortstøytt.

15. No kjem eg og legg denne saka fram for deg, herre konge. For dette folket skræmde meg, og då tenkte eg: Eg vil tala med kongen. Kanskje gjer han det eg bed han om.

16. Kongen vil nok høyra på meg og berga tenestkvinna si frå den mannen som vil rydja både meg og son min ut or det landet Gud har gjeve folket sitt.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 14