Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 14:21-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Så sa kongen til Joab: «Vel, eg skal gjera som du vil. Far i veg og henta den unge guten, Absalom.»

22. Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar eg, tenaren din, at du har godvilje for meg, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg.»

23. Så gjorde Joab seg ferdig; han fór til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.

24. Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for augo mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.

25. Så fager ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprist som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje lyte på han.

26. Frå tid til anna vart håret hans så langt at han laut klyppa det. Og når han så gjorde, vog det to hundre sekel etter den vekt som kongen nytta.

27. Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei fager kvinne.

28. Absalom budde no i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen.

29. Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller.

30. Då sa Absalom til tenarane sine: «De veit at tett innmed jordet mitt har Joab ein byggåker. Gå av stad og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren.

31. Då fór Joab opp, gjekk heim til Absalom og sa: «Kvifor har tenarane dine svidt av åkeren min?»

32. Absalom svara: «Du veit eg sende bod til deg og bad deg koma hit. Eg ville få deg til å gå til kongen og spørja: Kvifor skulle eg koma heim frå Gesjur? Det hadde vore betre for meg om eg var der enno. No vil eg gå fram for kongen. Kviler det skuld på meg, får han heller drepa meg.»

33. Joab gjekk til kongen og sa dette til han. Då kalla David Absalom til seg. Han kom inn og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda, og kongen kyste han.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 14