Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 14:16-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Kongen vil nok høyra på meg og berga tenestkvinna si frå den mannen som vil rydja både meg og son min ut or det landet Gud har gjeve folket sitt.

17. Eg tenkte, herre konge, at eit ord frå deg ville vera meg til trøyst. For du, herre konge, er som Guds engel og skjønar deg både på godt og vondt. Måtte Herren din Gud vera med deg!»

18. Då tok kongen til ords og sa til kona: «Døl ikkje for meg det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho.

19. Kongen spurde: «Har ikkje Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kona svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma utanom noko av det du seier, herre konge, korkje til høgre eller venstre. Ja, det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som la meg alle desse orda i munnen.

20. Det var for å gje saka ei ny vending at Joab, tenaren din, gjorde dette. Men du, herre, er vis som Guds engel og veit om alt som hender i landet.»

21. Så sa kongen til Joab: «Vel, eg skal gjera som du vil. Far i veg og henta den unge guten, Absalom.»

22. Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar eg, tenaren din, at du har godvilje for meg, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg.»

23. Så gjorde Joab seg ferdig; han fór til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem.

24. Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for augo mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.

25. Så fager ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprist som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje lyte på han.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 14