Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 11:16-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det var sterke karar innanfor.

17. Mennene i byen drog ut og kom i strid med Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria miste livet, han òg.

18. Joab sende ein mann til David med melding om korleis det hadde gått til i slaget.

19. Han sa til bodberaren: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk til i slaget,

20. kan det henda at han fyk opp og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i striden? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren!

21. Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inn til muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, har mist livet, han òg.»

22. Så tok mannen ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab.

23. Han sa til David: «Fienden fekk overtaket på oss og drog ut på marka mot oss; men vi dreiv dei attende til byporten.

24. Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av mennene dine fall, konge. Ein av dei som miste livet, var hetitten Uria, tenaren din.»

25. Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han ikkje skal ta seg nær av dette. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal berre halda fram med å strida mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot!»

26. Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho syrgjehøgtid over husbonden sin.

27. Men då syrgjetida var ute, sende David bod etter henne og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og han fekk ein son med henne. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens augo.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 11