Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 11:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Uria svara: «Israelittane og judearane bur i lauvhytter, og paktkista har dei med seg. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Og så skulle eg gå heim og eta og drikka og liggja med kona mi? Så sant du lever, så sant det finst liv i deg: Det gjer eg ikkje!»

12. Då sa David til Uria: «Ver no her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter.

13. David bad han til seg. Dei åt og drakk saman, og David skjenkte han til han vart drukken. Men om kvelden gjekk han og la seg på plassen sin saman med kongsmennene; heim til huset sitt gjekk han ikkje.

14. Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.

15. I brevet stod det: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast, og dra dykk attende frå han, så han fell og misser livet!»

16. Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det var sterke karar innanfor.

17. Mennene i byen drog ut og kom i strid med Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria miste livet, han òg.

18. Joab sende ein mann til David med melding om korleis det hadde gått til i slaget.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 11