Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 11:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Året etter, på den tid kongane plar fara i hærferd, sende David Joab av stad med mennene sine og heile Israels-hæren, og dei herja ammonittlandet og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.

2. Ein kveld hende det at David stod opp or senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Som han såg utover frå taket, fekk han auga på ei kvinne som heldt på og lauga seg; det var ei ovfager kvinne.

3. David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk vita at det var Batseba Eliamsdotter, kona til hetitten Uria.

4. Så sende David folk og henta henne til seg; og då ho kom, låg han med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 11