Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 1:20-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Fortel det ikkje i Gat,kunngjer det ikkje ¬på Asjkalons gater!Då ville filistarkvinnene ¬gleda seg,døtrene til dei uomskorne jubla.

21. De Gilboa-fjell!Gjev det aldri må falladogg eller regn på dykk!Gjev markene aldri ¬må bera fyrstegrøde!For der vart krigarars skjold ¬sulka med blod.Sauls skjold er ikkje smurt ¬med olje.

22. Utan blod av falne, ¬utan feitt av krigararvende Jonatans boge ¬aldri attende,aldri kom Sauls-sverdet ¬umetta heim.

23. Saul og Jonatan, ¬elska og avhaldne,korkje i liv eller død ¬vart dei skilde.Snøggare var dei enn ørnar,sterkare var dei enn løver.

24. Israels døtrer, gråt over Saul,som kledde dykk fagert i purpurog prydde dykkar bunad ¬med gull!

25. Å, at krigarane fall i striden!At Jonatan ligg drepen ¬på dine haugar!

26. Sårt syrgjer eg over deg,Jonatan, min bror!Du var meg så inderleg kjær.Din kjærleik var dyrare for megenn kvinners kjærleik.

27. Å, at krigarane er falneog stridsmenns våpen ¬øydelagde!

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 1