Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 8:5-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Lyft handa og rett staven din ut over elvane og kanalane og dammane, og lat froskane koma over Egypt!»

6. Då rette Aron handa ut over vatnet i Egypt, og froskane kom opp og fylte landet.

7. Men spåmennene gjorde det same med kunstene sine; dei òg fekk froskane til å koma over Egypt.

8. Farao sende bod etter Moses og Aron og sa: «Bed til Herren at han må ta froskane bort frå meg og folket mitt! Då skal eg la israelittane fara, så dei kan ofra til Herren.»

9. Moses sa til farao: «Gjer vel og sei kva tid eg skal be for deg og tenarane dine og folket ditt at han må driva froskane bort frå deg og husa dine, så dei ikkje finst andre stader enn i Nilen!»

10. Han svara: «I morgon.» Då sa Moses: «Det skal verta som du vil, og du skal få sanna at det er ingen som Herren vår Gud.

11. Froskane skal kverva bort frå deg og husa dine og tenarane dine og folket ditt. Berre i Nilen skal dei finnast.»

12. Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren for froskane skuld som han hadde ført over farao.

13. Herren gjorde som Moses bad, og froskane døydde i hus og tun og ute på markene.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 8