Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 8:23-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Eg vil gjera skil på mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet henda.»

24. Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom ei mengd med klegg inn i husa åt farao og tenarane hans. Heile Egyptarlandet vart herja av klegg.

25. Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Gå av og ofra til dykkar Gud her i landet!»

26. Moses svara: «Det kan vi ikkje gjera. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er ein styggedom for egyptarane. Om vi midt for augo på dei ofra slikt som er ein styggedom for dei, ville dei ikkje då steina oss?

27. Vi vil fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud, som han har sagt oss.»

28. Då sa farao: «Eg vil la dykk fara, så de kan ofra til Herren dykkar Gud i øydemarka. Men de må ikkje fara langt. Bed for meg!»

29. Moses svara: «Ja, no går eg ut og bed til Herren, og i morgon skal kleggen vera borte frå farao og tenarane hans og folket hans. Farao må berre ikkje narra oss meir, men la folket fara, så dei kan ofra til Herren.»

30. Så gjekk Moses ut frå farao og bad til Herren.

31. Og Herren gjorde som Moses bad. Kleggen vart borte frå farao og tenarane hans og folket hans; ikkje ein vart att.

32. Men farao gjorde seg hard denne gongen òg; han lét ikkje folket fara.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 8