Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 8:13-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Herren gjorde som Moses bad, og froskane døydde i hus og tun og ute på markene.

14. Dei vart kasta saman i haugar, og teven kjendest over heile landet.

15. Men då farao såg at det hadde letna, gjorde han seg hard og ville ikkje høyra på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt.

16. Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det verta til mygg i heile Egypt!»

17. Dei så gjorde. Aron rette ut handa med staven og slo i støvet på jorda. Då kom det mygg både på menneske og dyr. I heile Egypt vart alt støvet på jorda til mygg.

18. Spåmennene prøvde det same med kunstene sine; dei ville få fram mygg, men greidde det ikkje. Og myggen vart sitjande på menneske og dyr.

19. Då sa spåmennene til farao: «Dette er Guds finger.» Men farao gjorde seg hard og høyrde ikkje på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt.

20. Då sa Herren til Moses: «Stig fram for farao i morgon tidleg når han går ned til elva, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg!

21. For lèt du ikkje folket mitt fara, sender eg klegg over deg og mennene dine, folket ditt og husa dine. Det skal verta fullt av klegg i husa åt egyptarane og på jorda deira.

22. Men den dagen gjer eg eit unnatak for Gosen, der folket mitt bur; der skal det ikkje vera klegg. Då skal du sanna at eg, Herren, er i landet.

23. Eg vil gjera skil på mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet henda.»

24. Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom ei mengd med klegg inn i husa åt farao og tenarane hans. Heile Egyptarlandet vart herja av klegg.

25. Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Gå av og ofra til dykkar Gud her i landet!»

26. Moses svara: «Det kan vi ikkje gjera. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er ein styggedom for egyptarane. Om vi midt for augo på dei ofra slikt som er ein styggedom for dei, ville dei ikkje då steina oss?

Les hele kapitlet 2. Mosebok 8