Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 6:18-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Kehat vart 133 år gamal.

19. Sønene til Merari var Makli og Musji. Det er Levi-ættene etter ættelista deira.

20. Amram tok Jokebed, syster åt far sin, til kone. Med henne fekk han Aron og Moses. Amram vart 137 år gamal.

21. Sønene til Jishar var Korah, Nefeg og Sikri.

22. Sønene til Ussiel var Misjael, Elsafan og Sitri.

23. Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Naksjon. Med henne fekk han sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

24. Sønene til Korah var Assir, Elkana og Abiasaf. Det er Korah-ættene.

25. Elasar, son til Aron, tok ei av døtrene åt Putiel til kone. Med henne fekk han Pinhas.Dette er hovdingane for huslydane åt levittane, ætt for ætt.

26. Det var til desse mennene, Aron og Moses, Herren sa: «Før israelittane ut or Egypt, flokk for flokk!»

27. Dei var det som tala med farao, kongen i Egypt, om at israelittane skulle førast ut or Egypt; Moses og Aron var det.

28. Den gongen Herren tala til Moses i Egypt,

29. sa han: «Eg er Herren. Tal til farao, kongen i Egypt, alt det eg seier deg!»

30. Men Moses svara der han stod for Herrens åsyn: «Eg har så vanskeleg for å tala. Korleis skulle farao høyra på meg?»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 6