Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 6:12-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Moses svara der han stod for Herrens åsyn: «Israelittane høyrer ikkje på meg. Korleis skulle då farao høyra på meg, eg som har så vanskeleg for å tala?»

13. Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulle føra israelittane ut or Egypt.

14. Dette er ættehovdingane deira: Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi. Det er Rubens-ættene.

15. Sønene til Simeon var Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaaneisk kvinne. Det er Simeons-ættene.

16. Dette er namna på Levi-sønene og ættene deira: Gersjon, Kehat og Merari. Levi vart 137 år gamal.

17. Sønene til Gersjon, ætt for ætt, var Libni og Sjimi.

18. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Kehat vart 133 år gamal.

19. Sønene til Merari var Makli og Musji. Det er Levi-ættene etter ættelista deira.

20. Amram tok Jokebed, syster åt far sin, til kone. Med henne fekk han Aron og Moses. Amram vart 137 år gamal.

21. Sønene til Jishar var Korah, Nefeg og Sikri.

22. Sønene til Ussiel var Misjael, Elsafan og Sitri.

23. Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Naksjon. Med henne fekk han sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

24. Sønene til Korah var Assir, Elkana og Abiasaf. Det er Korah-ættene.

25. Elasar, son til Aron, tok ei av døtrene åt Putiel til kone. Med henne fekk han Pinhas.Dette er hovdingane for huslydane åt levittane, ætt for ætt.

26. Det var til desse mennene, Aron og Moses, Herren sa: «Før israelittane ut or Egypt, flokk for flokk!»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 6