Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 6:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sa Herren til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Med mi sterke hand skal eg tvinga han til å la dei fara, ja, med mi sterke hand skal eg tvinga han til å driva dei ut or landet sitt.»

2. Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren.

3. Eg synte meg for Abraham, Isak og Jakob som Gud Den Allmektige, men namnet Herren gjorde eg ikkje kjent for dei.

4. Og eg gjorde mi pakt med dei og lova dei Kanaan, det landet dei budde i som framande og utlendingar.

5. No har eg høyrt korleis israelittane sukkar fordi egyptarane held dei i trældom, og eg kjem pakta mi i hug.

6. Sei difor til israelittane: Eg er Herren. Eg vil føra dykk bort frå tvangsarbeidet som egyptarane har lagt på dykk, fria dykk frå trældomen og løysa dykk ut med fast arm og med veldige straffedomar.

7. Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. De skal få kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som løyser dykk frå tvangsarbeidet i Egypt.

8. Og eg vil føra dykk til det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob, og det vil eg gje dykk til odel og eige. Eg er Herren.»

9. Dette la Moses fram for israelittane. Men dei høyrde ikkje på han, fordi dei var motlause og laut træla så hardt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 6