Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 5:2-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. «Kven er Herren,» spurde farao, «sidan eg skal lyda han og la folket fara? Eg kjenner ikkje Herren og vil ikkje la Israel fara.»

3. Dei svara: «Hebrearguden har møtt oss. Difor vil vi fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal koma over oss med pest eller sverd.»

4. Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor dreg de folket bort frå det dei har å gjera? Gå til arbeidet dykkar!»

5. Og farao heldt fram: «De ser kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de lokka israelittane til å leggja ned arbeidet sitt!»

6. Same dagen gav farao futane og arbeidsformennene for folket dette påbodet:

7. «Heretter skal de ikkje gje folket halm til mursteinen, som de før har gjort. Dei skal sjølve gå og sanka seg halm.

8. Men de skal krevja like mykje murstein av dei no som før; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei: Vi vil av og ofra til guden vår.

9. Legg tungt arbeid på karane, så dei har nok å gjera og ikkje høyrer på alt lygnsnakket!»

10. Då gjekk futane og arbeidsformennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm lenger.

11. Gå sjølve og finn dykk halm kvar de kan! Men de slepp ikkje med mindre arbeid.»

12. Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka halmstrå til å ha i leira.

13. Men futane dreiv dei og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!»

14. Og arbeidsformennene som futane åt farao hadde sett over israelittane, fekk hogg. Futane sa til dei: «Kvifor har de korkje i går eller i dag gjort ferdig så mykje murstein som de skulle, som før?»

15. Då gjekk arbeidsformennene og klaga til farao og sa: «Kvifor fer du såleis med tenarane dine?

16. Vi får ikkje halm, og likevel seier dei at vi skal laga murstein. Og så får vi hogg, endå det er dine folk som har skulda.»

17. Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Vi vil av og ofra til Herren.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 5