Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 40:25-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. og han sette opp lampene for Herrens åsyn, så som Herren hadde sagt han føre.

26. Det gullkledde altaret sette han òg i møteteltet, framfor forhenget,

27. og brende velluktande røykjelse på det, som Herren hadde sagt han føre.

28. Så hengde Moses opp teppet for døra til heilagdomen,

29. sette brennofferaltaret attmed døra til den heilage bustaden, til møteteltet, og ofra brennoffer og grødeoffer på det, som Herren hadde sagt han føre.

30. Vaskekaret sette han mellom møteteltet og altaret og hadde vatn i det til å vaska seg med.

31. I det vaska Moses og Aron og sønene hans hender og føter.

32. Når dei skulle gå inn i møteteltet og stiga fram for altaret, vaska dei seg, som Herren hadde sagt Moses føre.

33. Så sette han opp føregarden kring heilagdomen og altaret og hengde opp teppet i føregardsporten. Såleis fullførte Moses verket.

34. Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen.

35. Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen.

36. Kvar gong skya lyfte seg frå heilagdomen, tok israelittane ut. Såleis gjorde dei på heile ferda.

37. Men når skya ikkje lyfte seg, heldt dei seg i ro til ho lyfte seg att.

38. For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 40