Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 39:8-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Dei laga brystduken i kunstvevnad, på same måten som efoden. Han var av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn.

9. Brystduken var firkanta og tvilagd. Han var ei spann lang, ei spann brei og lagd dobbelt.

10. Dei sette fire rader med steinar på han. I den eine rada var det ein rubin, ein topas og ein smaragd,

11. i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,

12. i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst,

13. og i den fjerde rada ein krysolitt, ein karneol og ein jade. Dei vart sette inn i flettverk av gulltråd.

14. Steinane var tolv i talet, etter namna åt Israels-sønene, ein for kvart namn. På kvar stein var namnet på ei av dei tolv ættene inngrave liksom på eit signet.

15. Til brystduken laga dei kjeder av reint gull. Dei var tvinna som ein tvinnar snorer.

16. Like eins laga dei to flettverk av gulltråd og to ringar av gull. Ringane sette dei i kvar sitt hjørne av brystduken.

17. Dei to gullsnorene feste dei i dei to ringane som sat i hjørna på duken.

18. Dei andre to endane av gullsnorene feste dei i dei to flettverka, og flettverka sette dei på akslebanda åt efoden, på framsida.

19. Så laga dei to gullringar til og sette dei i dei andre to hjørna på brystduken, på den sida som vender inn mot efoden.

20. Endå to gullringar laga dei og sette dei nedst på framsida av dei to akslebanda åt efoden, der dei var feste til efoden, ovanfor beltet.

21. Ringane på brystduken batt dei til ringane på efoden med ei snor av fiolett ull, så duken kom til å sitja ovanfor beltet og ikkje var skild frå efoden. Dei gjorde alt så som Herren hadde sagt Moses føre.

22. Kappa som høyrer efoden til, laga dei heilt igjennom av fiolett ull. Ho var voven.

23. Midt på kappa var det ei halsopning som i ei brynje, og rundt opninga ei bord, så ho ikkje skulle rivna.

24. Nedst kring kappekanten sette dei granateple av tvinna fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn.

25. Så laga dei bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla på kappefalden heilt ikring,

26. fyrst ei bjølle og eit granateple, så ei bjølle og eit granateple, og like eins rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i gudstenesta, så som Herren hadde sagt Moses føre.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 39