Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 39:3-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Gullet hamra dei ut i plater og skar det opp til tråd, så det kunne vevast inn i det fiolette, purpurraude og karmosinraude ullgarnet og i det fine lingarnet, med kunstvevnad.

4. Til efoden laga dei aksleband som var feste i hjørna og heldt han i hop.

5. Beltet som han skulle spennast fast med, vov dei på same måten som efoden, og i eitt med han. Det var av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, så som Herren hadde sagt Moses føre.

6. Dei sette karneol-steinane inn i flettverk av gulltråd. På dei var namna åt Israels-sønene inngravne liksom på eit signet.

7. Dei sette dei på akslebanda åt efoden, så dei skulle minna Herren om Israels-sønene, så som han hadde sagt Moses føre.

8. Dei laga brystduken i kunstvevnad, på same måten som efoden. Han var av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn.

9. Brystduken var firkanta og tvilagd. Han var ei spann lang, ei spann brei og lagd dobbelt.

10. Dei sette fire rader med steinar på han. I den eine rada var det ein rubin, ein topas og ein smaragd,

11. i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,

Les hele kapitlet 2. Mosebok 39