Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 39:23-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Midt på kappa var det ei halsopning som i ei brynje, og rundt opninga ei bord, så ho ikkje skulle rivna.

24. Nedst kring kappekanten sette dei granateple av tvinna fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn.

25. Så laga dei bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla på kappefalden heilt ikring,

26. fyrst ei bjølle og eit granateple, så ei bjølle og eit granateple, og like eins rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i gudstenesta, så som Herren hadde sagt Moses føre.

27. Til Aron og sønene hans laga dei òg kjortlane som var vovne av fint lin,

28. og huene og turbanane til å binda om hovudet, av fint lin, lerretsbuksene av fint, tvinna lingarn,

29. beltet som var vove i mange leter, av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, så som Herren hadde sagt Moses føre.

30. Dei laga panneplata, det heilage diademet, av reint gull. I den grov dei inn som i eit signet: «Helga til Herren».

31. Dei sette ei snor av fiolett ull i plata og feste henne oppe på hua, så som Herren hadde sagt Moses føre.

32. Såleis vart det fullført, alt arbeidet med den heilage bustaden, med møteteltet. Israelittane gjorde det i eitt og alt så som Herren hadde sagt Moses føre.

33. Og dei gav heilagdomen over til Moses: teltet med alt som høyrde til, krokane, plankane, tverrstengene, stolpane, fotstykka,

34. dekket av raudleta verskinn, dekket av delfinskinn, forhengsteppet,

35. lovkista med stengene, soningsstaden,

36. bordet med alt som høyrde til, skodebrøda,

37. ljosestaken av reint gull med lamper som skulle setjast i rad, og alt som høyrde til, oljen til ljosestaken,

Les hele kapitlet 2. Mosebok 39