Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 38:2-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. På kvart av dei fire hjørna laga han eit horn, og horna gjekk i eitt med altaret. Han kledde det med bronse.

3. Så laga han alle dei reiskapane som høyrde altaret til, fata, eldskuflene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alle desse reiskapane laga han av bronse.

4. Han laga òg eit fletta gitter av bronse til altaret og sette det nedst, under altarlista, så det nådde midt opp på altaret.

5. Og han støypte fire ringar til dei fire hjørna av bronsegitteret til å smøya stenger inn i.

6. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med bronse.

7. Han smøygde dei inn i ringane på sidene av altaret, så det kunne berast. Altaret laga han av bord, og det var holt.

8. Han laga vaskekaret og fotstykket av bronse. Til det bruka han speglane åt dei kvinnene som gjorde teneste innmed møteteltdøra.

9. Så laga han føregarden. På sørsida av føregarden laga han omheng av fint, tvinna lingarn, i ei lengd av hundre alner.

10. Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.

11. På nordsida laga han òg omheng, i ei lengd av hundre alner. Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 38