Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 38:19-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Til forhenget var det fire stolpar med fotstykke av bronse. Hakane var av sølv. Stolpehovuda var kledde med sølv, og stengene som høyrde til, var av sølv.

20. Alle pluggane til teltet og føregarden, heilt rundt, var av bronse.

21. Her er rekneskapen for heilagdomen, bustaden åt lova. Moses baud levittane setja han opp, og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med arbeidet.

22. Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta, hadde gjort alt det som Herren hadde sagt til Moses,

23. og saman med han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta, som var ein meister i utskjering, kunstvevnad og mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn.

24. Alt gullet som vart bruka til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, og som var gjeve i offergåve, var 29 talentar og 730 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

25. Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal over lyden, var 100 talentar og 1 775 sekel etter heilag vekt,

26. ein beka eller ein halv sekel etter heilag vekt for kvar einskild som kom med i manntalet, frå tjueårsalderen og oppetter, og det var 603 550 mann.

27. Dei hundre talentane med sølv vart bruka til å støypa fotstykka til heilagdomen og til forhenget, hundre talentar til hundre fotstykke, ein talent til kvart fotstykke.

28. Og dei 1 775 sekel bruka dei til hakane på stolpane, til å kle stolpehovuda og til stengene som skulle binda stolpane i hop.

29. Bronsen som vart gjeven i offergåve, var 70 talentar og 2 400 sekel.

30. Av den laga dei fotstykka til møteteltdøra og bronsealtaret med bronsegitteret som høyrde til, og alle reiskapane til altaret,

31. fotstykka som skulle vera kring føregarden, føregardsporten, alle pluggane til teltet og alle pluggane til føregarden, heilt rundt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 38