Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 37:16-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Av reint gull laga han dei kara som skulle stå på bordet, fata og skålene, og dei bollane og kannene som skulle brukast til drikkofferet.

17. Ljosestaken laga han av reint gull. Hamra arbeid var det, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane gjekk i eitt med han.

18. Seks armar gjekk ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.

19. På den eine armen var det tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera var på skap som ein mandelblom. Såleis var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken.

20. På sjølve staken var det fire beger med knuppar og blomar. Dei var på skap som ein mandelblom.

21. Det var ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane gjekk i eitt med staken. Det var ein knupp under kvart par av dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken.

22. Knuppane og armane gjekk i eitt med staken. Heile ljosestaken var eitt einaste stykke hamra arbeid og av reint gull.

23. Han laga dei sju lampene til ljosestaken og ljosesaksene og pannene av reint gull.

24. Ein talent reint gull bruka han til ljosestaken og alle dei reiskapane som høyrde til.

25. Røykjelsesaltaret laga han av akasietre. Det var ei alen langt, ei alen breitt, firkanta og to alner høgt. Horna på altaret gjekk i eitt med det.

26. Han kledde det med reint gull både ovanpå og på sidene og på horna, og laga ein gullkant på det heilt ikring.

27. På begge sidene sette han to gullringar nedanfor kanten, to på kvar side. Dei skulle vera til å smøya stenger inn i, så altaret kunne berast.

28. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull.

29. Og han laga den heilage salvingsoljen og den reine, velluktande røykjelsen, så som salveblandarane gjer det.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 37