Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 37:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Besalel laga paktkista av akasietre. Ho var to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg.

2. Han kledde henne med reint gull både innvendes og utvendes og sette ein gullkant ikring henne.

3. Han støypte fire gullringar til dei fire føtene på kista, to på kvar side.

4. Så laga han stenger av akasietre, kledde dei med gull

5. og smøygde dei inn i ringane på sidene av kista, så ho kunne berast.

6. Han laga til soningsstaden, som var av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei.

7. På endane av soningsstaden sette han to kjerubar som han hadde laga av hamra gull,

8. ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Han laga dei så at dei gjekk i eitt med endane på soningsstaden.

9. Kjerubane heldt vengene utbreidde og lyfte, så dei tekte over og verna soningsstaden med vengene sine. Dei var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.

10. Bordet laga han av akasietre. Det var to alner langt, ei alen breitt og halvanna alen høgt.

11. Han kledde det med reint gull og sette på det ein gullkant som gjekk heilt rundt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 37