Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 36:6-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Moses baud då at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, anten det er mann eller kvinne, skal koma med fleire gåver til arbeidet på heilagdomen.» Då kom ikkje folket med meir.

7. Det dei hadde gjeve, var meir enn nok til å få arbeidet gjort.

8. Alle handverkarane tok til å arbeida på heilagdomen. Dei laga han av ti teltdukar av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull. I dukane var det innvove kjerubar i kunstvevnad.

9. Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane heldt same målet.

10. Fem av dukane skøytte dei i hop, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane.

11. I kanten av den duken som var ytst på det eine ihopskøytte stykket, laga dei hemper av fiolett ull, og like eins i kanten av den ytste duken på det andre stykket.

12. Femti hemper sette dei på den eine duken og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene sat midt for kvarandre.

13. Og dei laga femti gullkrokar. Med dei hekta dei begge dukane saman, så det vart éin teltheilagdom av dei.

14. Dei vov dukar av geiteragg til tak over teltet. Elleve slike dukar vov dei.

15. Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane heldt same målet.

16. Fem av dukane skøytte dei i hop for seg, og seks for seg.

17. I kanten av den ytste duken på det eine stykket sette dei femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.

18. Og dei laga femti bronsekrokar og feste dei to stykka saman, så det vart eitt telttak av dei.

19. Sidan laga dei eit dekke av raudleta verskinn til å leggja over telttaket og eit dekke av delfinskinn til å leggja ovanpå det att.

20. Plankane til heilagdomen laga dei av akasietre. Dei reiste dei på ende.

21. Kvar planke var ti alner lang og halvanna alen brei.

22. På kvar planke var det to tappar med ei tverrlist imellom. Såleis laga dei alle plankane i heilagdomen.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 36