26. Og alle kvinner som hadde evner til det og kjende seg drivne til det, spann geiteragget.
27. Leiarane bar fram karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken,
28. og balsam og olje til ljosestaken, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen.
29. Kvar mann og kvinne mellom israelittane som kjende trong til å gje noko til det store arbeidet som Herren gjennom Moses hadde sett dei til å gjera, dei kom med det, ei friviljug gåve til Herren.
30. Moses sa til israelittane: Herren har kalla Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta
31. og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk,
32. så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv eller bronse,
33. slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag kunsthandverk.
34. Gåve til å læra frå seg har Herren gjeve både han og Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta.
35. Han har rusta dei ut med evne til å gjera alle slag treskurd, kunstvevnad, mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn, og vanleg vevnad. Dei skal tenkja ut og laga alle slag kunstverk.