Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 34:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Moses: «Hogg deg ut to steintavler like eins som dei fyrste! Så skal eg skriva på dei det same som stod på dei fyrste tavlene, dei du slo sund.

2. Hald deg ferdig til i morgon tidleg! Då skal du stiga opp på Sinai-fjellet og venta på meg på fjelltoppen.

3. Ingen må vera med deg opp, og ingen må syna seg på heile fjellet. Heller ikkje må småfe eller storfe beita bort imot fjellet.»

4. Så hogg Moses ut to steintavler like eins som dei fyrste. Dagen etter stod han tidleg opp og gjekk opp på Sinai-fjellet, som Herren hadde sagt, og han hadde begge steintavlene med seg.

5. Då steig Herren ned i ei sky og gjekk bort til Moses. Og han ropa Herrens namn.

6. Herren gjekk framom beint for augo hans og ropa: «Herren, Herren er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning!

7. Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden.»

8. Då fall Moses straks på kne, bøygde seg til jorda og tilbad.

9. Og han sa: «Herre, dersom du har godvilje for meg, så gå med oss, Herre! Dette er eit stridlyndt folk. Men du vil tilgje misgjerningane og syndene våre og gjera oss til din eigedom.»

10. Då sa Herren: Ja, eg vil gjera ei pakt. Midt for augo på heile folket ditt vil eg gjera slike under som det ikkje har vore maken til på heile jorda eller hjå noko folkeslag. Heile det folket du lever imellom, skal sjå kor ageleg det er, det verket som eg, Herren, gjer for deg.

11. Gjev akt på det eg byd deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 34