Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 32:24-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Då sa eg til dei: Den som har gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Såleis vart denne kalven til.»

25. Moses såg kor ustyrleg folket var; for Aron hadde mist taket på dei, så dei vart til spott for fiendane sine.

26. Då gjekk han fram i porten til leiren og ropa: «Kom hit til meg, alle som høyrer Herren til!» Då flokka heile Levi-ætta seg om han.

27. Og han sa til dei: «Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel både brør og vener og frendar!»

28. Levittane gjorde som Moses sa; og den dagen fall det ikring tre tusen mann av folket.

29. Då sa Moses: «I dag lyt de via dykk til å vera prestar for Herren; for ingen sparte son sin eller bror sin. Så skal han i dag gje dykk si velsigning.»

30. Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg stiga opp til Herren; kan henda eg kunne gjera soning for synda dykkar.»

31. Så gjekk Moses attende til Herren og sa: «Å, dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull.

32. Gjev du ville tilgje dei synda deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut or boka som du skriv i!»

33. Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi.

34. Gå no og før folket til den staden eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå framføre deg. Men når oppgjerdsdagen kjem, skal eg straffa dei for syndene deira.»

Les hele kapitlet 2. Mosebok 32