Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 32:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt.»

2. Då sa Aron til dei: «Ta gullringane som konene og sønene og døtrene dykkar har i øyro, og kom hit med dei!»

3. Då reiv heile folket gullringane or øyro sine og kom til Aron med dei.

4. Han tok imot gullet, støypte det om og laga det med meisel til ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!»

5. Då Aron såg det, bygde han eit altar for guden og ropa ut: «I morgon er det høgtid for Herren!»

6. Dagen etter stod folket tidleg opp og bar fram brennoffer og kom med måltidsoffer. Dei sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa.

7. Då sa Herren til Moses: «Gå ned, for folket ditt, som du har ført opp frå Egypt, har bore seg ille åt!

8. Dei har vore snare til å bøya av frå den vegen eg sa dei skulle fylgja. Dei har laga seg ein støypt kalv. Den har dei kasta seg ned for og ofra til og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt.»

9. Og Herren sa til Moses: «Eg har halde auga med dette folket og sett at det er eit stridlyndt folk.

10. Lat no meg få råda, så skal eg sleppa harmen min laus og gjera ende på dei! Men deg vil eg gjera til eit stort folk.»

11. Då naudbad Moses Herren sin Gud og sa: «Herre, kvifor skal vreiden din loga opp mot folket ditt, som du har ført ut or Egypt med stor kraft og sterk hand?

12. Kvifor skal egyptarane få seia: Det var ikkje i god meining han førte dei ut; han ville drepa dei i fjella og rydja dei ut frå jorda? Lat den brennande vreiden din fara, og gjev opp den tanken du hadde om å føra ulukke over folket ditt!

13. Kom i hug Abraham, Isak og Israel, tenarane dine, og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera ætta dykkar tallaus som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.»

14. Då angra Herren på den ulukka han hadde tenkt å føra over folket sitt.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 32