Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 31:3-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk,

4. så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv og bronse,

5. slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag handverksarbeid.

6. Til hjelpesmann har eg gjeve han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta. Og alle som har slike givnader, har eg gjeve evne, så dei kan laga alt det eg har sagt deg:

7. møteteltet, paktkista, soningsstaden over henne og alt som høyrer teltet til,

8. bordet med det som høyrer til, gull-ljosestaken med alt som høyrer til, røykjelsesaltaret,

9. brennofferaltaret med alt som høyrer til, vaskekaret med fotstykke,

10. embetsskrudet og den heilage kledebunaden åt Aron, presten, og kleda åt sønene hans til prestetenesta,

11. salvingsoljen og den velluktande røykjelsen til heilagdomen. Dei skal i eitt og alt gjera som eg har sagt deg.

12. Herren sa til Moses:

13. Sei til israelittane: Sabbatsdagane mine skal de halda; for sabbaten er eit teikn på pakta mellom meg og dykk frå ætt til ætt, så de skal vita at det er eg, Herren, som helgar dykk.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 31