Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 31:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. salvingsoljen og den velluktande røykjelsen til heilagdomen. Dei skal i eitt og alt gjera som eg har sagt deg.

12. Herren sa til Moses:

13. Sei til israelittane: Sabbatsdagane mine skal de halda; for sabbaten er eit teikn på pakta mellom meg og dykk frå ætt til ætt, så de skal vita at det er eg, Herren, som helgar dykk.

14. De skal halda sabbaten; han skal vera heilag for dykk. Den som vanhelgar sabbaten, skal døy. Kvar den som då gjer noko arbeid, han skal rydjast ut or folket sitt.

15. Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal vera sabbat, heilag sabbat for Herren. Kvar den som gjer noko arbeid på sabbatsdagen, skal døy.

16. Israelittane skal akta på sabbaten, så dei held han i ætt etter ætt. Det skal vera ei evig pakt.

17. Han skal vera eit teikn på pakta mellom meg og israelittane til evig tid. For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda, men den sjuande dagen kvilte han og heldt seg i ro.

18. Då Herren var ferdig med å tala til Moses på Sinai-fjellet, gav han honom to lovtavler, steintavler som Gud hadde skrive på med fingeren sin.

Les hele kapitlet 2. Mosebok 31