Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 3:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så sa Herren: «Eg har sett kor vondt folket mitt har det i Egypt, og høyrt korleis dei klagar over futane. Eg veit kva dei må lida.

8. Og eg har stige ned og vil fria dei frå egyptarane og føra dei opp frå dette landet til eit godt og vidt land, eit land som fløymer med mjølk og honning. Der bur kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane.

9. For no har naudropet frå israelittane nått opp til meg, og eg har sett korleis egyptarane plagar dei.

10. Gå no du til farao med bod frå meg, og før folket mitt, israelittane, ut or Egypt!»

11. Men Moses sa til Gud: «Kven er vel eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut or Egypt?»

12. «Ja,» svara han, «for eg vil vera med deg! Og du skal få eit teikn på at det er eg som har sendt deg. Når du har ført folket ut or Egypt, skal de halda gudsteneste på dette fjellet.»

13. Då sa Moses til Gud: «Men når eg no kjem til israelittane og seier at deira fedrars Gud har sendt meg, og dei spør etter namnet hans, kva skal eg då svara?»

14. Då sa Gud til Moses: «Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. ‘Eg Er‘ har sendt meg til dykk.»

15. Så sa Gud til Moses: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.

16. Gå no og kall saman dei eldste i Israel og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auga med dykk og sett korleis dei fer åt med dykk i Egypt.

17. Difor vil eg fria dykk ut or Egypt, der de lid vondt, og føra dykk opp til landet åt kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane, eit land som fløymer med mjølk og honning.

18. Dei kjem til å høyra på det du seier. Og så skal de, du og dei eldste i Israel, gå fram for kongen i Egypt og seia: Herren, Hebrearguden, har møtt oss. Lat oss få lov til å fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud!

Les hele kapitlet 2. Mosebok 3